Audhild Naustdal: To avspenningar, knipeøvingar og meditasjon
kr 198,00
På denne cden instruerer Audhild i to avspenningar: Falle til ro 10 min og Kroppen og naturen på 20 min. Det blir brukt god tid på Knipeøvingane og du får ei grundig trening av musklane i bekkenbotnen. Meditasjonen er basert på eit djupt og roleg åndedrett som heiter Ujjayi og som vi i vår undervisning kallar meditativ pust.
4 på lager
To avspenningar, knipeøvingar og meditasjon med Audhild
Fire gode teknikkar som aukar velværet i kropp og sinn
CD'en / albumet inneheld:
1. Falle til ro – ei kort avspenning på ca 10 min.
2. Knipeøvingar - ca eit kvarter med grundig og presis instruksjon i trening av muskulatur i bekkenbotnen, såkalla mudras og bandas.
3. Kroppen og naturen – ei lengre avspenning på ca 20 min.
4. Meditasjon – introduksjon til meditasjonen Energiens kilde på ca eit kvarter.
Albummet kan også lastes ned fra iTunes:
Avspenning
Når du treng ein pause i løpet av dagen, lytt enten til avspenninga som heiter Falle til ro eller Kroppen og naturen. Begge avspenningane er instruert med tale og er utan musikk. Å lytte til ei avspenning gir ei fin kvile, senkar stressnivået i kroppen og gir deg ny energi. Det er best å ligge på ryggen på ei mjuk matte med beina litt frå kvarandre og armane ned langs med kroppen. Augene er lukka igjen, du ligg stille og lyttar til instruksjonane.
Knipeøvingar
Her blir du instruert grundig i trening av lukkemuskelen ved endetarmen og urinopninga og heile bekkenbotnen. Knipeøvingane kan praktiserast sittande eller liggande. Musklane i bekkenbotnen støttar organa i underlivet og skal vere både sterke og avspente. Trening både førebygger og hjelper mot urinlekkasje og er bra for heile underlivet. Det er viktig å halde bekkenbotnen i orden enten du er mann eller kvinne. Knipeøvingar er spesielt viktige for kvinner før og etter ein fødsel.
Meditativ pust
Når pusten er roleg, blir kroppen rolegare og når kroppen er roleg, blir sinnet rolegare. I denne meditasjonen praktiserer du eit djupt og roleg åndedrett med kviskrelyd i halsen – Ujjayi pranayama. Du mediterer best ved å sitte i ei meditasjonsstilling på golvet eller på ein stol med ryggen rett. Augene er lukka igjen. Du må kanskje praktisere fleire gonger før du synes du får det til. Etter kvart vil du oppleve dei avspennande verknadane dette åndedrettet har. Dette er ein introduksjon til meditasjonen “Energiens kilde” som er fundamentet for meir avanserte meditasjonar som “Ajapa japa” og “Kriya yoga”.
NB! Ikkje lytt til albummet / CD'en medan du køyrer bil eller anna som krever di fulle merksemd.
Takk til Maia Urstad for lydopptak og redigering, Bergen senter for elektronisk kunst (BEK) for lån av studio, Thorolf Thuestad for mastring av lyd og Bjarke for grafisk design. Takk til mine elevar for inspirasjon og tilbakemeldingar. Framside foto: Tove Jørgensen. Innside foto: Audhild Naustdal. Foto av Audhild: Bjarke Jørgensen. ISBN: 978-82-996887-2-7 (iTunes) /ISBN:978-82-996887-1-0(CD)
Instruktør på albummet / CD'en:
Audhild Naustdal er født i Oslo i 1959, har vakse opp i Førde og bur no på Askøy. Ho har praktisert yoga og meditasjon sidan 1985 og undervist sidan 1990. Ho er utdanna i klassisk yoga ved Skandinavisk yoga og meditasjonsskole og Yogaskolen i Oslo. Audhild har spesialisert seg i undervisning i yoga for gravide. Saman med Bjarke driv ho Yogaskolen i Bergen og Ask kurssenter på Askøy.
Tilleggsinformasjon
Vekt | 150,00 g |
---|---|
Dimensjoner | 29 × 21 × 2,1 cm |